Her kan du søkje om grunnskuleopplæring for vaksne eller realkompetansevurdering for grunnskulen.
Vaksne har etter opplæringslova § 4A-1 rett til grunnskuleopplæring. Retten omfattar dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast til den enkelte sine behov, og både opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Du kan søkje dersom du oppfyller desse vilkåra:
- du er over opplæringspliktig alder (vanlegvis 16 år)
- du har ikkje rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter opplæringslova § 3-1
- du treng grunnskuleopplæring eller opplæring i grunnleggjande ferdigheiter
- du har lovleg opphald i Noreg, eller ventar på at søknad om opphaldsløyve blir avgjort (gjeld ungdom under 18 år)
Du kan ha rett til grunnskuleopplæring sjølv om du har oppnådd vitnemål frå grunnskulen tidlegare.
Den som har rett til grunnskuleopplæring for vaksne, har også rett til å bli realkompetansevurdert.
Du kan velje om du ønskjer full grunnskuleopplæring, opplæring i enkeltfag/deler av fag eller opplæring i grunnleggjande ferdigheiter.
Du kan også velje om du ønskjer realkompetansevurdering
Om du ønskjer å søkje om spesialundervisning for vaksne etter opplæringslova § 4A-2, må du bruke eige skjema for dette.
Du kan lese meir her
Giske kommune tilbyr grunnskuleopplæring og realkompetansevurderingi samarbeid med Hareid ressurssenter. Opplæringa er gratis og du har rett til gratis skyss til Hareid.