STIPEND TIL SJUKEPLEIE OG VERNEPLEIESTUDENTAR
Giske kommune tilbyr 8 stipend à kr. 30 000,- årlig til studentar innan sjukepleie eller vernepleie som skal begynne på eller er i 1, 2 studieår eller i fyrste semester 3 studieår. Avtalen gjeld for 1 år i gongen, og stipendet vert utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over.
Vilkår for ordninga:
- du må binde deg til å arbeide i heil stilling i 5 veker i hovudferien (juni til august), og minimum 10 helgar i året. 2-3 av helgane må vere i hovudferien. Ved alt fråvær, både sjukefråvær og ev. anna fråvær må vaktene jobbast inn igjen for å innfri avtalen om stipend.
- det er ikkje mulig å inngå avtale for deler av ordninga.
- om du arbeider 6 veker i heil stilling i løpet av hovudferien får du kr. 15 000,- i tillegg.
- løn etter tariff + kr. 20 000,- over minsteløn for dei som har fullført og bestått 1. studieår. Dei som har fullført og bestått 2. studieår får kr. 30 000,- over minsteløn.
- ved brot på avtalen fell stipendet bort.
- om du slutter på studiet fell stipendet bort.
- om du allereie er tilsett i Giske kommune med avtale om helgestilling vil faste helgar i turnus telje med. Dei 5 vekene i hovudferien må arbeidast, så ferien din må tilpassast avtalen og arbeidsgivar sitt behov.
- om du er tilsett i Giske kommune og slutter før avtaleperioden er ute fell stipendet bort.
- arbeidsgivar tildeler arbeidsplass etter behov.
Ved tildeling av stipend legg vi vekt på at du :
- har god munnlig og skriftleg framstillingsevne.
- har evne til samarbeid og fleksibilitet.
- er stabil og pålitelig.
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
- har god digital kompetanse.