Føresett
som søkjer må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Vedtak om
redusert foreldrebetaling kan bli gitt for eitt barnehage- og skuleår om
gangen.
Utrekningsgrunnlag:
Utrekningsgrunnlaget
for redusert foreldrebetaling er den samla personinntekta og skattepliktig
kapitalinntekt til hushaldet. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå inntekta
til den/dei føresette som har same folkeregisteradresse som barnet. Også inntekt
frå eventuell ektefelle/sambuar/registrert partner skal reknast med, sjølv om
denne ikkje er føresatt til barnet.
Kommunen hentar siste
avlagde skatteoppgjer frå Skatteetaten.
Søknadsfrist:
31. juli.
Det blir ikkje gitt reduksjon i foreldrebetalinga med tilbakeverkande kraft. Søknadar
etter fristen vil få vedtak frå månaden etter at søknaden er motteken.
Nasjonal ordning for reduksjon i
foreldrebetalinga:
Dersom maksimalprisen er høgare enn 6 prosent av
den samla brutto inntekta til familien eller hushaldet, skal du ha ein
redusert pris.
Gratis kjernetid for 2-, 3-,
4- og 5-åringer:
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer,
og barn med utsett skulestart, som bor i hushald med låg inntekt har rett til
å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Inntektsgrense frå
01.08.2024 er kr 642 700,-.
|