Giske kommune
deler kvart år ut ein frivillegpris.
Prisen skal gå
til ein initiativrik person, lokal foreining/gruppe som har utmerka seg med
frivilleg innsats til beste for den enkelte og Giske-samfunnet.
Prisen skal
synleggjere frivillegheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram
gode dømer på resultat av frivilleg innsats.
Frivillegheita si
breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og
kultur skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisen sine
vinnarar.
Prisen kan
gjevast på grunnlag av ein person/gruppe sin frivillege innsats over lengre
tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
Ein oppnemnt jury beståande av tilsett frå
kommunen, folkevalde, lag og organisasjonar vil tilrå årets prisvinnar til
Livsløpsutvalet i november.