Ny periode for salssbevilling for alkoholhaldig drikk med mindre enn 4,7 volumprosent alkohol 2024-2028
Skjemaet skal brukast av personar eller
verksemder som ønsker å drive sal og utlevering av alkoholholdig drikk for
drikking utanfor salsstaden. Bevilling blitt ikkje gitt ikkje til bensinstasjon
eller kiosk. Salsbevillinga gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høyst 4,7
volumprosent alkohol. Bevilling blir gitt for maksimum fire år om gangen.
Bevillingssøkjar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha
utvist uklanderleg vandel. For kvar bevilling skal det utpeikast ein styrar med
vara. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må være over 20
år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stille.
Du må søke skriftleg. Når søknaden er
mottatt i kommunen, blir det innhenta uttale frå politiet og skatte- og
avgiftsmyndigheitene.
Om du er misnøgd med vedtaket, kan du
klage til kommunen innan tre veker. Opprettheld kommunen avgjerda, blir saka
sendt videre til Statsforvaltaren.