Offentleg innsyn i hht offentleglova §§ 3 og 28:
- Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ.
- Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller i rimeleg utstrekning saker av ein bestemt art. Dette gjeld ikkje når det blir krevd innsyn i ein journal eller liknande register.
Ver merksam på at i mange saker kan du lese saksdokumenta ved å nytte deg av INNSYN på kommunen sine nettsider.
Dette gjeld likevel ikkje dokument underlagde teieplikt eller som av omsyn til personvernet er unnateke innsyn. Slike dokument/saker må du nytte dette skjemaet.
Ved innsyn i personopplysningar må du nytte eige skjema.
I hht offentleglova § 29, skal krav om innsyn avgjerast utan ugrunna opphald.
Offentleglova § 32: Dersom den som har kravd innsyn, ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at organet mottok kravet, skal dette reknast som eit avslag som kan påklagast.
Svaret på din innsynsførespurnad om offentleginnsyn vil bli sendt deg elektronisk til din digitale postkasse, tilgjengeleggjort på digitale plattformar eller vi tar kontakt med deg for å avtale utlevering.
Forventa svartid er 5 dagar.